Medfinansieringsordninga er ei ordning som gjer at statlege verksemder kan få økonomisk støtte til å gjennomføre digitaliseringsprosjekt som er samfunnsøkonomisk lønsame. Kommunar, frivillege organisasjonar og private verksemder kan vere samarbeidspartar.

Retningslinene for medfinansieringsordninga er frå og med i år endra slik at det skal leggjast større vekt på om prosjekta støttar opp under regjeringa og KS sin digitaliseringsstrategi: Én digital offentlig sektor: Digitaliseringsstrategi for offentlig sektor 2019-2025.

Konkret betyr dette strategisk prioriterte fellesløysingar(infrastruktur, plattformar mm.) og tverrgåande tiltak (samanhengande tenester). Tiltak knytte til dei sju prioriterte livshendingane i strategien skal prioriterast før andre livshendingar. Dei sju prioriterte livshendingane er:

  • Få barn
  • Alvorlig sykt barn
  • Miste og finne jobb
  • Ny i Norge
  • Dødsfall og arv
  • Starte og drive en frivillig organisasjon
  • Starte og drive en bedrift

Les mer.

Kilde: Digitaliseringsdirektoratet