Kva har ein ulovleg dyremarknad i ein ukjend kinesisk storby med oss å gjere?
Samfunns- og tjenesteutvikling
Svaret kjenner vi no: Alt. På få månadar har hendingar på denne marknaden skapt vår generasjons største krise. Så avhengige er vi av kvarandre. Det er ei surrealistisk tid, og vi kjenner ikkje kva månadane framover vil bringe. Men ein dag er dette over. Vi og verda skal gå vidare. Når vi kjem dit, kan mykje ha blitt endra. Kan vi allereie no trekke lærdomar, sjå nokre mønster for kva vi bør trekke ut av koronakrisa? Eg trur det.

















































