I ei ny høyring foreslår Helse- og omsorgsdepartementet forenklingar for innbyggjarar som treng kontakt med fastlegen, og sett ytterlegere fart på digitaliseringa av helsetenesta. Forslaget går ut på at kommunale og sjølvstendig næringsdrivande fastlegar skal få plikt til å tilby reseptfornying på helsenorge.no. Plikta skal gjelde frå 1. juli 2026.
I høyringa foreslår også departementet at fastlegane skal ha plikt til å tilby e-kontakt med legekontora via helsenorge.no.
– Det er viktig at vår felles helseteneste er tilgjengelege på dei plattformane der innbyggarane våre er. Heldigvis er mange fastlegar i gang med dette allereie, men for å få dei siste med foreslår vi no ei plikt til at alle skal kunne tilby dette. Vår regjering har gått systematisk til verks for å fange tidstjuvar i helsetenestene. Tida der ein innbyggar må vente lang tid i telefonkø for å komme gjennom til legekontoret er over, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.
E-resept er ei løysing for sikker overføring av reseptar mellom helsepersonell som skriv ut ein resept (rekvirent), apotek og bandasjistar. Løysinga bidrar til at helsepersonell får betre oversikt over pasienten sine gyldige reseptar og kva pasienten har henta ut, samtidig som pasientar får oversikt over eigne reseptar via helsenorge. På helsenorge kan pasienten også be fastlegen om å fornye reseptene.
E-kontakt gjeld administrativ kontakt med resepsjonen hjå eit legekontor og som ikkje krev kontakt med ein lege.
I dag bruker 89 prosent av alle fastlegar fornying av resept, og 82 prosent bruker e-kontakt. Alle aktuelle elektroniske pasientjournalsystem har støtte for reseptfornying og e-kontakt på helsenorge.no. |
Annonse:
Auka tilgjengelegheit og betre tidsbruk
Innføring av reseptfornying og e-kontakt hjå alle fastlegar vil både auke tilgjengelegheita til fastlegetenesten og effektivisere tidsbruken til tenesten.
I tillegg gir det reduserte utgifter samanlikna med tradisjonell reseptfornying, som vanlegvis føreset ein legekonsultasjon og telefonkontakt med legekontoret.
– Dette er ein vinn-vinn-situasjon, og eit av mange grep vi tar for å sikre at vår felles helseteneste også er berekraftig i åra som kjem. For innbyggarar som ikkje er digitale, skal det sjølvsagt framleis vere mogleg å ringe inn til legekontoret og avtale direkte. For mange vil dette vere den beste løysinga, seier Vestre.
For at fastlegar som ikkje er knytt til reseptfornying eller e-kontakt på helsenorge.no skal få tid til å førebu seg til å oppfylle plikta, foreslår derfor departementet at plikta trer i kraft 1. juli 2026.
Kilde: regjeringen.no