Vi er vande med å høyre at det er privat sektor som syter for verdiskapinga, medan det offentlege forbruker. No i krisetider er det fleire verdiar som gjeld, og vi ser kor avhengige vi er av kvarandre. Det er no ein dryg månad sidan kvardagslivet blei omkalfatra for dei aller fleste av oss. I kampen mot koronasmitten innførde regjeringa dei mest «inngripande» tiltaka i fredstid. Vi har alle blitt stilt overfor nye krav. Sjølv om regjeringa har varsla at landet gradvis skal opnast, er det ikkje over enno. Ikkje i Norge, og slett ikkje i store delar av verda elles.
Kilde: Dagens / Perspektiv