STAMI har nyleg oppsummert all relevant forsking om heimekontor og arbeidsmiljø, publisert etter 2020.

Denne oppsummeringa gir oss ikkje svar på om heimekontor er bra eller dårleg. Men den viser oss at det er gode grunnar til at ein bør vere varsom med kor mykje arbeid på heimekontor ein legg opp til i organisasjonen.

Fleire artiklar tyder no på at ein moderat grad av arbeid heimefrå kan virke positivt på helse og arbeidsmiljø. Mens det å jobbe ofte eller kun heimefrå kan ha negative verknader.

Eit tydeleg funn er at arbeid heimefrå, utanfor normal arbeidstid, ser ut til å ha ein utelukkande negativ verknad på arbeidsmiljø og helse.

Les mer.

Kilde: stami.no