Teknologi som forstår alle dialektar
For å få tale-til-tekst-teknologi til å fungere på norsk har Nasjonalbiblioteket trena modellen til å forstå alle dialektar, og han transkriberer til både nynorsk og bokmål. Nasjonalbiblioteket utviklar dermed teknologi som er i tråd med den norske språkpolitikken.
Annonse:
– Denne teknologien kan mellom anna brukast til å lage undertekstar på TV, transkribere radioprogram eller transkribere avhøyr, intervju og diktat. Ulike versjonar av modellen gjev også litt ulikt resultat. Ein kan få både heilt ordrett attgjeving og semantisk attgjeving, slik vi kjenner frå undertekstar på TV. Det vil seia at teknologien ikkje berre transkriberer frå lyd til tekst, men han transkriberer også meiningsinnhaldet, seier Marie Røsok ved Språkbanken på Nasjonalbiblioteket.
Kilde: sprakradet.no