– For å skape utvikling og vekst er det viktig å mobilisere alle gode ressursar og krefter i samfunnet. Eldre har stor kompetanse frå eigne erfaringar, som vi ønskjer å leggje til rette for at blir tekne i bruk på ein god måte, seier Martha Sofi Dragsund Kristoffersen, daglig leier i Prosperastiftelsen
Kompetansebasert frivilligheit
Prosperastiftelsen er landsdekkjande, og har over 1700 frivillige som delar av kompetansen sin for å bidra til å utvikle ideell sektor. Så langt har stiftelsen gitt bort over 200 millionar kroner i tenester til organisasjonar som ikkje har råd til å kjøpe slike tenester sjølv.
Kilde: aldersvennlig.no
Annonse: