Pressemelding fra regjeringen | Nr: 46/25 | Dato: 23.09.2025


 

Regjeringa legg i dag fram ein nasjonal strategi for eit ope og opplyst offentleg ordskifte. Ein overordna strategi med føringar for korleis regjeringa skal jobbe for å leggje til rette for ytringsfridom og ein velfungerande offentlegheit i tida framover.

 

 

Strategien tek utgangspunkt i styresmaktenes grunnlovfesta ansvar for å leggje til rette for ytringsfridom for alle (infrastrukturkravet), og er basert på mellom anna Ytringsfridomskommisjonens utgreiing og den omfattande høyringa som vart gjennomført i etterkant.

 

Strategien er i hovudsak ikkje tiltaksretta. Hovudformålet med strategien er å trekkje opp prinsipp for, og vise den samla innsatsen på ytringsfridomsfeltet. Omtalen av konkrete innsatsområde og tiltak i strategien er derfor eit utval og eit bilete av situasjonen akkurat no.



Omtale av fleire innsatsar og tiltak vil bli publisert fortløpande på ei eiga temaside for ytringsfridom på regjeringa.no, som vert lansert samtidig med strategien.

 

– Strategien viser korleis regjeringa arbeider - kontinuerleg og på brei front - for ytringsfridom og ei velfungerande offentlegheit. Mange ulike departement og etatar deltek i arbeidet, og innsatsen til regjeringa utfyller og verkar saman med innsatsen frå sivilsamfunnet, næringslivet og kvar enkelt borgar, seier Jaffery.

 

Strategien er delt inn etter dei ulike måtane offentlege styresmakter bidrar til å leggje til rette for ytringsfridom og eit ope og opplyst offentleg ordskifte på:

 

1. Infrastrukturen for ytringsfridommen

Styresmaktene støtter på ulike måtar opp om dei ulike arenaene og kanalane for utveksling av informasjon og meiningar i samfunnet – mellom anna medier, kulturinstitusjonar, sivilsamfunn, skular og forskingsinstitusjonar. Dette gjeld både økonomiske og regulerande verkemiddel. Strategien drøftar dei viktigaste delane av infrastrukturen for ytringsfridom og samfunnsdebatt, og dei institusjonelle føresetnadene som må vere til stades for at ein skal kunne ta i bruk ytringsfridommen på ulike samfunnsområde.

 

2. Ytringskultur

Ytringskulturen eller ytringsklimaet i eit samfunn er ikkje noko styresmaktene kan vedta. Det er i staden eit felles ansvar. Styresmaktene bidreg likevel på ulike måtar til å leggje til rette for ein sunn ytringskultur. Strategien drøftar prinsipp og prioriteringar i dette arbeidet.

 

3. Openheit, innsyn og medverknad

Openheit, mellom anna i verksemda til forvaltninga, er ein føresetnad for ein informert samfunnsdebatt generelt og for samfunnsrolla til dei redaktørstyrte media spesielt. Strategien drøftar korleis styresmaktene legg til rette for openheit, innsyn og medverknad frå borgarane.

 

4. Ulovlege og skadelege ytringar

Regjeringa slår fast på prinsipielt nivå at det skal vere høg terskel for å vurdere nye forbod og straffereglar mot ytringar.

 

5. Forvrenging og manipulering av meiningsdanninga

Desinformasjon, ekkokammer og polarisering kan forvrengje, forstyrre eller undergrave det opne og opplyste ordskiftet. Strategien diskuterer korleis styresmaktene bør forhalde seg til og bygge beredskap mot slike utviklingstrekk.

 

6. Kunnskap

Kunnskapsbygging og -formidling er ein føresetnad for å kunne setje inn målretta tiltak for å verne ytringsfridommen, dersom og når det skulle bli nødvendig. Strategien tek opp korleis styresmaktene bør sikre god og oppdatert informasjon om tilstanden for ytringsfridomen i samfunnet.