Bakgrunn
Kvinnherad kommune hadde utfordringar med heimehjelpstenesta på grunn av spreidd busetnad og store avstandar. Det var òg for få tilrettelagde bustader og sjukeheimsplassar i Vestlandskommunen ytst i Hardangerfjorden.
– Det veit eg, fordi eg var med og bygde sjukeheimen på Husnes på 70-talet og den store utvidinga på 2000-talet med nokre omsorgsbustader.
Det seier Roald Teigen (83) med 40 års erfaring i byggebransjen. Han kjenner området godt og har halde fram med å følge med på kommunen sine bustadplanar etter at han blei pensjonist. I dag er han leiar i seniorgruppa på Frivilligsentralen.
Einingsleiar for heimehjelpstenesta, Sigurd Næss kan bekrefte behovet for tilrettelagde bustader.
– Kvinnherad er ein kommune med ein ganske sterk auke i dei eldste aldersklassane. Og det var stadig fleire einsame eldre som sat i gamle einebustader rundt omkring. Ved å samle og bygge tilpassa bustader så kunne vi både skape eit sosialt fellesskap og nå fleire eldre med tenester på ein meir effektiv måte. Dette fann seniorgruppa på Husnes ut at dei ville arbeide med.
Kilde: husbanken.no
Annonse: