Nyleg besøkte helse- og omsorgsministeren den 68 år gamle rullestolbrukaren Jostein Hoelsæter i Oslo. Han får besøk av heimesjukepleiar to gonger om dagen, og har også brukarstyrt personleg assistent.
Kva behov han har kan variere frå dag til dag, og han er derfor avhengig av ein saumlaus kommunikasjon med heimetenesta.
– Digihelse er ein viktig tryggleik i livet mitt. No kan eg levere dei beskjedane eg treng å gi digitalt når eg måtte ønske, og eg har ein tryggleik om at eg får dei tenestene eg treng, fortel Hoelsæter.
Kilde: regjeringen.no